Veslebror, av Cory Doctorow – introduksjon#
Boka “Little Brother” av Cory Doctorow kom ut i 2008. “Veslebror” er ei fanomsetjing til nynorsk frå 2025, maskinomsett, og så redigert av Forlaget Kvefsebol v/Andreas Hadsel Opsvik. Som sitt opphav er omsetjinga utgitt på ein Creative Commons BY-NC-SA-lisens.
Litt om kvifor her: Men, Andreas, kvifor? (In English)

Boka#
Du kan lese den på denne sida, frå Forord eller Kapittel 1.
PDF: Versjon 0.9
Epub: Versjon 0.9
Samandrag av “Veslebror”#
For sytten år gamle Marcus Yallow, betre kjend som w1n5t0n, er hacking og det å omgå dei mange overvakingssystema på skulen like mykje ein leik som ein livsstil. I eit samtidig San Francisco der kvar ei rørsle alt blir spora av kamera og sensorar, lærer han seg å bli usynleg for autoritetane. Men han veit ikkje at leiken snart skal bli til dødsens alvor.
Då eit massivt terrorangrep rystar heile San Francisco, blir byen kasta ut i kaos og frykt. Marcus og venene hans er på feil stad til feil tid, og blir fanga i nettet til eit nytt, nådelaust tryggingsregime. Sperra inne på ein hemmeleg stad, utan lov og dom, blir han stilt overfor eit umogleg val: samarbeid og svik alt du trur på, eller gjer motstand og risiker å forsvinne for alltid.
I staden for å tvinge han til stillheit tenner trugsmåla ein gnist. Med kunnskap som våpen, brukar Marcus dei same metodane staten bruker til å overvake som sitt fridomsinstrument. Han startar ei digital undergrunnsrørsle som spreier seg som eld i tørt gras, og viser korleis teknologi kan brukast til å ta tilbake makta.
Men i ein krig mot ein fiende som ser alt, kor lenge kan ein veslebror halde seg skjult før storebror slår tilbake?
Omslagsbilete#
Bearbeida versjon av Richard Grandmorin sitt bilete demonstration, gitt ut under CC BY 2.0.
Versjon#
29.09.2025: Versjon 0.9 på nettsida, og enkel PDF
30.09.2025: Versjon 0.9 som epub