Bibliografi og takk

Bibliografi og takk#

Ingen forfattar skapar frå ingenting – vi driv alle med det Isaac Newton kalla «å stå på skuldrene til kjemper». Vi låner, plyndrar og remiksar kunsten og kulturen skapt av dei rundt oss og av våre litterære forfedrar.

Om du likte denne boka og vil lære meir, finst det mange kjelder å vende seg til, på nettet og på ditt lokale bibliotek eller bokhandel. Hacking er eit flott emne. All vitskap baserer seg på å fortelje andre kva du har gjort slik at dei kan verifisere det, lære av det og forbetre det, og hacking handlar berre om den prosessen, så det er mykje publisert om emnet.

Start med Andrew «Bunnie» Huang si Hacking the Xbox, (No Starch Press, 2003), ei fantastisk bok som fortel historia om korleis Bunnie, då student ved MIT, revers-konstruerte Xbox-en sine anti-tukle-mekanismar og opna vegen for alle dei seinare kule hackane for plattforma. I forteljinga har Bunnie òg skapt ein slags bibel for revers-konstruksjon og maskinvare-hacking.

Bruce Schneier sine Secrets and Lies (Wiley, 2000) og Beyond Fear (Copernicus, 2003) er dei definitive tekstane for lekfolk for å forstå tryggleik og tenkje kritisk om det, medan hans Applied Cryptography (Wiley, 1995) framleis er den autoritative kjelda for å forstå krypto. Bruce held ein framifrå blogg og e-postliste på schneier.com/blog. Krypto og tryggleik er domenet til den talentfulle amatøren, og «cypherpunk»-rørsla er full av ungar, husmødrer, foreldre, advokatar og alle andre typar menneske, som hamrar laus på tryggleiksprotokollar og chiffer.

Det finst fleire flotte magasin dedikert til dette emnet, men dei to beste er 2600: The Hacker Quarterly, som er full av pseudonyme, skrytande forteljingar om utførte hack, og O’Reilly sitt MAKE magazine, som inneheld solide rettleiingar for å lage eigne maskinvareprosjekt heime.

Den digitale verda fløymer over med materiale om dette emnet, sjølvsagt. Ed Felten og Alex J. Halderman sin Freedom to Tinker (www.freedom-to-tinker.com) er ein blogg vedlikehalden av to fantastiske ingeniørprofessorar ved Princeton som skriv klårt om tryggleik, avlytting, anti-kopieringsteknologi og krypto.

Gå ikkje glipp av Natalie Jeremijenko sine «Feral Robotics» ved UC San Diego (Wayback Machine: https://web.archive.org/web/20060901105346/https://xdesign.ucsd.edu/feralrobots/ ). Natalie og studentane hennar koplar om leikerobothundar frå Toys R Us og gjer dei om til beinharde giftavfallsdetektorar. Dei slepp dei laus i offentlege parkar der store selskap har dumpa avfallet sitt og demonstrerer på ein medievennleg måte kor giftig bakken er.

Som mange av hacka i denne boka, er tunnelering-over-DNS-greiene ekte. Dan Kaminsky, ein tunnelekspert av første rang, publiserte detaljar i 2004 (https://www.blackhat.com/presentations/bh-usa-04/bh-us-04-kaminsky/bh-us-04-kaminsky.ppt).

Guruen for «borgarjournalistikk» er Dan Gillmor, som for tida driv Center for Citizen Media ved Harvard og UC Berkeley – han skreiv òg ei knakande god bok om emnet, We, the Media (O’Reilly, 2004).

Viss du vil lære meir om å hacke arphids, start med Annalee Newitz sin artikkel i Wired Magazine, «The RFID Hacking Underground» (https://www.wired.com/2006/05/rfid-2/). Adam Greenfield si Everyware (New Riders Press, 2006) er eit isnande blikk på farane ved ei verd av arphids.

Neal Gershenfeld sitt Fab Lab ved MIT (fab.cba.mit.edu) hackar fram verdas første verkelege, billege «3D-printarar» som kan pumpe ut kva som helst objekt du kan drøyme om. Dette er dokumentert i Gershenfeld si framifrå bok om emnet, Fab (Basic Books, 2005). Bruce Sterling si Shaping Things (MIT Press, 2005) viser korleis arphids og fab labs kan brukast til å tvinge selskap til å byggje produkt som ikkje forgiftar verda.

Apropos Bruce Sterling, han skreiv den første store boka om hackarar og lova, The Hacker Crackdown (Bantam, 1993), som òg er den første boka utgitt av ein stor forleggjar som vart gitt ut på internett samstundes (kopiar finst i fleng; sjå stuff.mit.edu/hacker/hacker.html for ein). Det var lesinga av denne boka som tende meg på Electronic Frontier Foundation, der eg var privilegert nok til å jobbe i fire år.

Electronic Frontier Foundation (www.eff.org) er ein veldedig medlemsorganisasjon med studentrabatt. Dei bruker pengane privatpersonar gir dei til å halde internett trygt for personleg fridom, ytringsfridom, rettssikkerheit og resten av Bill of Rights. Dei er internettets mest effektive fridomskjemparar, og du kan bli med i kampen berre ved å melde deg på e-postlista deira og skrive til dei folkevalde når dei vurderer å selje deg ut i namnet til å kjempe mot terrorisme, piratkopiering, mafiaen, eller kva som helst busemann som har fanga merksemda deira i dag. EFF hjelper òg med å vedlikehalde TOR, The Onion Router, som er ein ekte teknologi du kan bruke akkurat no for å kome deg ut av sensur-brannmuren til regjeringa, skulen eller biblioteket ditt (tor.eff.org).

EFF har ei enorm, djup nettside med utruleg informasjon retta mot eit generelt publikum, det same har American Civil Liberties Union (aclu.org), Public Knowledge (publicknowledge.org), FreeCulture (freeculture.org), Creative Commons (creativecommons.org) – som alle òg fortener di støtte. FreeCulture er ei internasjonal studentrørsle som aktivt rekrutterer unge til å grunnleggje sine eigne lokallag på vidaregåande skular og universitet. Det er ein flott måte å engasjere seg og gjere ein forskjell på.

Mange nettstader krønikeskriv kampen for cyberfridomar, men få gjer det med same glød som Slashdot, «News for Nerds, Stuff That Matters» (slashdot.org).

Og sjølvsagt må du besøkje Wikipedia, det samarbeidande, nett-forfatta leksikonet som kven som helst kan redigere, med meir enn 1 000 000 oppslag berre på engelsk. Wikipedia dekkjer hacking og motkultur i forbløffande djupn og med utruleg, opp-til-nanosekundet-aktualitet. Ei åtvaring: du kan ikkje berre sjå på oppslaga i Wikipedia. Det er verkeleg viktig å sjå på «Historikk»- og «Diskusjon»-lenkene øvst på kvar Wikipedia-side for å sjå korleis den noverande versjonen av sanninga vart til, få ei forståing for dei konkurrerande synspunkta der, og bestemme sjølv kven du stolar på.

Om du vil få tak i nokre verkeleg forbodne kunnskapar, ta ein kikk rundt på Cryptome (cryptome.org), verdas mest utrulege arkiv med hemmeleg, undertrykt og frigjort informasjon. Cryptome sine modige utgjevarar samlar materiale som har vorte lirka ut av staten gjennom førespurnader om innsyn eller lekka av varslarar, og publiserer det.

Den beste skjønnlitterære skildringa av historia til krypto er, utan tvil, Neal Stephenson sin Cryptonomicon (Avon, 2002). Stephenson fortel historia om Alan Turing og nazistanes Enigma-maskin, og gjer den om til ein gripande krigsroman du ikkje vil kunne leggje frå deg.

Piratpartiet som er nemnt i Little Brother er ekte og i vekst i Sverige (www.piratpartiet.se), Danmark, USA og Frankrike i skrivande stund (juli 2006). Dei er litt ute på viddene, men ei rørsle treng alle slags folk.

Apropos ute på viddene, Abbie Hoffman og yippiane prøvde faktisk å levitere Pentagon, kaste pengar på børsen, og jobba med ei gruppe kalla Up Against the Wall Motherf_____ers. Abbie Hoffman si klassiske bok om å lure systemet, Steal This Book, er tilbake i trykk (Four Walls Eight Windows, 2002) og den finst òg på nettet som ein samarbeids-wiki for folk som vil prøve å oppdatere den (https://stealthiswiki.com/special/index). Hoffman sin sjølvbiografi, Soon to Be a Major Motion Picture (òg i trykk frå Four Walls Eight Windows) er ein av mine favoritt-memoarar nokon sinne, sjølv om den er svært fiksjonalisert. Hoffman var ein utruleg historieforteljar og hadde flotte aktivist-instinkt. Om du vil vite korleis han verkeleg levde livet sitt, prøv derimot Larry Sloman si Steal This Dream (Doubleday, 1998).

Meir motkultur-moro: Jack Kerouac si On the Road kan ein få tak i på nesten kva som helst bruktbokhandel for ein dollar eller to. Allan Ginsberg sin «HOWL» finst på nettet mange stader, og du kan høyre han lese den om du søkjer etter MP3-en på archive.org. For bonuspoeng, finn fram til albumet Tenderness Junction av The Fugs, som inkluderer lyden av Allan Ginsberg og Abbie Hoffman sin levitasjonsseremoni ved Pentagon.

Denne boka kunne ikkje ha vorte skriven om det ikkje var for George Orwell si storslåtte, verdsendrande 1984, den beste romanen som nokon gong er publisert om korleis samfunn går gale. Eg las denne boka då eg var 12 og har lese ho 30 eller 40 gonger sidan, og kvar gong får eg noko nytt ut av ho. Orwell var ein meister i historieforteljing og var tydeleg sjuk over den totalitære staten som voks fram i Sovjetunionen. 1984 held stand i dag som eit genuint skremmande verk av science fiction, og det er ein av romanane som bokstaveleg talt endra verda. I dag er «orwellsk» synonymt med ein tilstand av allestadsnærverande overvaking, dobbelttenkning og tortur.

Mange romanforfattarar har teke for seg delar av historia i Little Brother. Daniel Pinkwater sitt ruvande komiske meisterverk, Alan Mendelsohn: The Boy From Mars (for tida i trykk som del av samleverket 5 Novels, Farrar, Straus and Giroux, 1997) er ei bok kvar einaste nerd må lese. Viss du nokon gong har følt deg som ein utstøytt for å vere for smart eller rar, LES DENNE BOKA. Den endra livet mitt.

På ein meir moderne front har vi Scott Westerfeld si So Yesterday (Razorbill, 2004), som følgjer eventyra til kulejegerar og motkultur-jammarar. Scott og kona hans Justine Larbalestier var mi delvise inspirasjon til å skrive ei bok for unge vaksne – det same var Kathe Koja. Takk, folkens.

Takk til#

Denne boka står i enorm gjeld til mange forfattarar, vener, mentorar og heltar som gjorde ho mogleg.

For hackarane og cypherpunkarane: Bunnie Huang, Seth Schoen, Ed Felten, Alex Halderman, Gweeds, Natalie Jeremijenko, Emmanuel Goldstein, Aaron Swartz

For heltane: Mitch Kapor, John Gilmore, John Perry Barlow, Larry Lessig, Shari Steele, Cindy Cohn, Fred von Lohmann, Jamie Boyle, George Orwell, Abbie Hoffman, Joe Trippi, Bruce Schneier, Ross Dowson, Harry Kopyto, Tim O’Reilly

For forfattarane: Bruce Sterling, Kathe Koja, Scott Westerfeld, Justine Larbalestier, Pat York, Annalee Newitz, Dan Gillmor, Daniel Pinkwater, Kevin Poulsen, Wendy Grossman, Jay Lake, Ben Rosenbaum

For venene: Fiona Romeo, Quinn Norton, Danny O’Brien, Jon Gilbert, danah boyd, Zak Hanna, Emily Hurson, Grad Conn, John Henson, Amanda Foubister, Xeni Jardin, Mark Frauenfelder, David Pescovitz, John Battelle, Karl Levesque, Kate Miles, Neil og Tara-Lee Doctorow, Rael Dornfest, Ken Snider

For mentorane: Judy Merril, Roz og Gord Doctorow, Harriet Wolff, Jim Kelly, Damon Knight, Scott Edelman

Takk alle saman for å ha gjeve meg verktøya til å tenkje og skrive om desse ideane.


Omsetjars endringar:

  • 29.09.2025 Eg har oppdatert nokre URL-ar som hadde blitt utdatert sidan 2008.